Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/105

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 105 —

Kver Sin og Segi[1] stram seg spenner;
og løyst eg er af alle Band,
og paa mit Hovud liksom kjenner
eg Livets varme signad Hand.

No i dei siste Aar er Vegen lagd ned med Driva og er derfor slett som ei Fjøll, for no hava Folk lært, at Vatnet er den beste Mannen til at finna slettaste Vegaleid fram, medan Folk i gamle Dagar toko etter Ku og Gjeit, som krabba upp og ned i Lid og Bakke. Eg tok den gamle Vegen, eg, for at sjaa den navngjetne Vaarstigen, og eg maa segja, at det var den galnaste og styggaste Aalmanveg, eg enno hever farit paa. Det er reint utruleg, at Folk kunde koma fram der kjøyrande, og at ikki kverannen Mann vardt ihelslegjen af Stein og Skrida elder siglde til Afgrunns i Snjo og Svoll Haust og Vaar og Vetrstider. Og endaa var dette ein sann Godveg mot i gamle Dagar, daa Folk maatte rida, og denne Ridevegen maatte endaa vera ein Postveg mot den eldgamle Gjeitevegen, daa Harald Haarfager og dei gamle Stridsmenn foro der att og fram paa sine Hertog. Det er inkje Under, at Folk tala um den gamle sterke og gilde Tid! Det hadde vorit større og betre, um dei hadde gravit seg folkelege Vegir enn drepit og brennt kverandre inne, og krabbat upp og ned i desse Fjøll og Afdalar som Gjeitar og Villmenn. Eg stod der paa den styggaste Kleiv svimrande haagt og saag ned paa den nye Vegen, som slengde seg som eit smalt Band ned med Aat. Eg liknade ihop den gamle og denne nye Tid, og ingenstad hever den gamle Tid visat seg i mine Auge so arm og villmannsleg mot den nye som nettupp her. Eg maatte mest læ, naar eg tenkte paa den danske Kongen, som var ein heil Dag med at rida og ganga denne gode Mil og krabba paa alle Fire sumestadar, for han som var van til det flate Danmark maatte svimra her i denne styggeleg bratte Lid med Urdir og Raasir ikringum seg,

  1. Sene, Segi, Muskel.