Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/101

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 101 —

at me ikki kunde sjaa, kven det var, fyrr Kongen lett hoppar ut or Toka lik Soli, og dei andre, som saato i Vogni med, komo dragande etter liksom Stjørnurne. Det gjekk so svint, at dei throndheimske store Embættesmenn, som der paa Grensa skulde taka imot Kongen sin, knapt fingo Tid til den rette Fagnaden.

Det var vist ein halv Time, fyrr Vognirne med det kongelege Fylget komo etter. Den, som er størst, skal altid fara fyri og vera framum si Tid.

Daa Malene høyrde, at dei, som vaaro paa Hjerkinn ikki fingo sjaa nokot af Gildskapen i Nottemyrkret, og fordi Folk saato sovande i Vogni, daa sagde ho til meg: „Herregud eg var sæl, som gjekk hit.“

Dei gingo ned i Storstova tilbords, ettersom dei komo, og Alle, som vaaro komne for at sjaa, flokkade seg ikring Vindaugo, og saago alle desse store Folk so vel som nokon Ting.

Der var med i Kongens Fylgje ein Morian, ein kolende svart ein med tykke Lippur og krullat stutt Haar og liksom blodsprengde Auge, just ein adalboren Morian; og denne stirde og glodde Folk paa meir enn paa sjølve Kongen. Naar han kom ut til Gjenturne, skvatt dei tilside og skreik, og Morianen, som var ein løgjen Karl, han var Fugleskræma rett med Hjartats Lyst. Han var med som Pipereinskare og Cigarkveikjare og Fyrstikdragare, og alt det, som høyrde til Røykjevæsenet. Han var just paa Hylla si med dette denne svarte Mannen, endaa han kunde hava vorit brukat til nokot annat, for eg fann honom klokast og best upplyst af dei lægre Tenarar i Kongens Fylgje. Han var ein Skalk, som vilde kunna gjera det likso godt ved den svenske Kongeborg som den Morianen, Crusenstolpe talar um. Derfor gjorde eg honom ogso kjend med Malene, daa Alle vaaro komne i Ro, so dei kunde faa seg Mat.

Det kom Bod til meg, um eg vilde eta ned i Storstova med Kongen og dei andre. Det var vel Verten elder andre af dei lægre Folk, som fann paa slikt; men daa eg vitste, at det ikki var høveleg at sitja ved Kongens