Side:Um målbruk i Statstenesta (1932).djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
8

fyresegn for bruk av dei tvo riksmål både innum skølve sentraladministra­sjonen og direktorati og utetter til dei styringsgreiner som høyrer under de­partementet i samhøve med lovi og desse fyresegnene.

Det vilde vera ynskjeleg um depar­tementet med ikkje for lange millom­rom sette upp ei liste over dei kontor under det vyrde departement som etter kommunerøystingane skal bruka det eine eller det andre målet, eller som står fritt.

Til punk 6. Når eit departement fær melding frå Justisdepartementet um eit kommunestyrevedtak, må meldingi sendast vidare med turvande rettleiding til dei statskontor under vedkomande departement som vedtaket hev noko å segja for.

Med umsyn til bruk av ulike former innum dei tvo måli vil vel det normale vera at ein brukar dei obligatoriske for­mer i kvart mål.

Vil nokon i statstenesta bruka val­frie former i det eine målet bør vedko­mande ogso nyya dei valfrie formene i det andre målet når det gjeld ekspedi­sjonar i det målet.

Oslo, den 18. februar 1932. Nils Trædal.

___________
Per Vigstad.