Side:Um målbruk i Statstenesta (1932).djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
7

er han pliktig til å nytta det målet ved­komande distrikt hev kravt.

Dersom kontoret hev fleire teneste­menn, bør ein nytta ut den kunnskap kontoret hev til å stetta ynskjet um eit visst mål, nynorsk eller bokmål, og te­nestemenn som fyller kravet etter § 1 i lov um statstenestemålet kann pålegg­jast å nytta dette målet.

Ledige postar i distriktet skal lysast ut i det målet som er det offisielle for distriktet og i lysningane skal det krev­jast upplyst um vedkomande maktar det mål som er det offisielle for di­striktet.

Dispensasjon frå fyresegni i dette punktet kann gjevast dersom ein ikkje kann gjenomføre kravet utan munaleg auka utgifter. Dermed er serleg meint utgifter ved tilsetjing av nye teneste­menn eller serskild språkkunig hjelp ved kontoret av umsyn til målspursmå­let. Det kan det sjølvsagt ikkje vera tale um. So snart det vert høve til det må det etterkvart verta tilsett teneste­menn som greier nynorsken. Derimot kann ikkje utgifter til rettleidingsbøker i vedkomane målføre, til umsetjing og prenting av ymse slag skjema og fyrerit til faste lysningar for kontoret (t. d. frå lensmennene um auksjonar o. l.) rek­nast under munaleg auka utgifter.

Til punkt 5. Ein går ut ifrå at kvart departement liksom no gjev utfyllande