Side:Um målbruk i Statstenesta (1932).djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
6

mål i landet soleis at styringsverket er bunde til å taka like mykje umsyn til det eine som det andre målet.

Til punkt 1. Med «Øvste styraren for eit statskontor» er meint den eller dei som utetter bind kontoret med si underskrift, tenestemann som hev rett til å skriva «etter pålegg», «etter full­makt» o. l. hev soleis høve til å velja mål i ekspedisjonar som han skal skriva under på innanfor råma av lovi um målbruk i statstenesta og desse fyre­segnene

Til punkt 2. Millom dei kommunar som hev gjort vedtak um målbruken i styringsverket er det ikkje so fåe som hev sagt seg «nøytrale», det vil segja at dei hev ikkje uttala noko serskilt ynskje um at eit visst mål vert nytta. I vedskifte med desse kommunestyri står soleis statskontori fritt i målvegen. Statskontori kann nytta båe mål um einannan.

Med umsyn til fyresegni i siste leden av punktet er å segja:

Eit statskontor som til no ikke hev nytta same mål som er kravt frå kom­munestyri eller fleirtalet av kommune­styri i vedkomande distrikt bør med ein gong byta mål i alle tenestesaker, der­som vedkomande styrar av kontoret kjenner seg før til det: Hev han artium, lærarprøver eller onnor jamgod utda­nning og er fødd etter 1. januar 1905,