Side:Um målbruk i Statstenesta (1932).djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
  1. same tingen på båe mål, kann og sumt gjevast ut berre på det eine og sumt berre på det andre målet, alt etter som det høver, men lilevel so­leis at det vert rimeleg samhøve i mengd på båe mål.
  2. At sentralstyrekontor i skriftleg ho­pehav med folk og lokale styremak­ter fylgjer dei fyresegner som er gjevne i punkt 2—4.

6. Justisdepartementet fører liste over herads- og bystyrevedtak etter punkt 2, kunngjer dei i «Norsk Lov­tidende» og send melding til dei an­dre departement.

7. Desse kongelege resolusjonar um målbruk i styringsverket skal ikkje gjelda lenger:

Kongeleg resolusjon frå 13. februar 1925 for fylkeskontor.

Kongeleg resolusjon frå 18. desem­ber 1925 for tenestemenn under Justis­departementet.

Kongeleg resolusjon frå 14. desem­ber 1928 um «målbruk i kunngjeringar um ledige embete og tenestpostar».

I det ein melder dette, skal departe­mentet få lov til å gjera desse merk­nader:

Som ein vil sjå av dei einskilde fyre­segnene byggjer resolusjonen liksom lovi um målbruk i statstenesta frå 6. juni 1930 på jamstellig av dei tvo riks-