11. Stykkjet.
At me maa røyna og rettleida vaar Hjarta-traaing.
1. Son min, du heve endaa mykjet aa læra, som du endaa ikkje heve lært rett. – Kvat er det, Herre? – At du gjev Traai di heilt under mitt Tykkje, og at du ikkje elskar deg sjølv, men er idug med aa fullgjera min Vilje. Losterne kveikja deg ofta og trengja deg hardt, men tenk etter, kort du bøygjest meir fyre mi Æra Skuld, elder fyre din eigjen Bate. Er det fyre mi Skuld, so kann du vera vel nøgd med det, korso daa eg vil laga det; men er din eigjen Bate med i det, sjaa, daa er det det, som tyngjer og tjaar deg.
2. Akta deg difyre, at du ikkje held for fast paa med ein Traadom, som er uppkomen i deg utan mi Raad, at du ikkje sidan skal trega paa honom, elder det daa skal mistekkjast deg som fyrr tektest deg, og som du strævar fyre, liksom det vøre det beste. For me byr ikkje fylgja kvert Ynskjet som synest oss godt, men helder ikkje byr me med det fyste fly kver Kjensla som er oss imot. Det er sumtid gagnlegt, at du brukar Tygjelen, endaa fyst du ynskjer og traar etter eiifvert godt, at du skal ikkje uheppet koma i Tanka-villa, og med Uskipnad verda andre til vondt Fyredøme, elder og fyst du røyner Motstand av andre, braadt kvaklast og falla.
3. Men sumtid ljota me bruka Vald, og mannleg standa imot den sanslege Losten og ikkje brygdast um, kvat Kjøtet vil elder ikkje vil, men driva meir paa det, at Kjøtet, kort det vil elder ei, skal gjeva seg under Anden. Og so lengje maa det verda spekt og haldet i Trældom, til det verd viljugt til alt, og lærer aa