sjølv, sjaa, daa er eg inkje, og alt er Skryplegdom, men ser du berre paa meg, verd eg med det same sterk og full med ny Fagnad. Og mykjet undarlegt er det, at du so braadt hev meg, og so naadigt femner meg; eg, som stødt søkk til Botnar med min eigji Tyngd.
2. Det er Kjærleiken din, som verkar dette, med di han utan mi Verdskyld kjem yver meg, og hjelper meg i so mykji Naud, og varar meg fyre store Faarar, og som eg med Sanning kann segja, riv meg ut or utallege Uheppor. For med det at eg uskapleg elskade meg sjølv, miste eg meg sjølv, og med det at eg føfte deg einsaman og elskade deg av Hjartat, fann eg baade deg og meg sjølv, og av Kjærleike heve eg nedrat meg endaa djupare. For du, søtaste Gud, gjere med meg yver all Verdskyld, og ut yver alt det, som eg vaagar vona elder beda um.
3. Lovad vere du, min Gud, at endaa eg er uverdug alt godt, du likvel av Høgleiken din og den ende lause Godhugen din aldri læt av med aa gjera vel og mot deim med, som ero utakksame, og som hava snutt seg langt burt ifraa deg. Umvend oss til deg, at me verda takk same, audmjuke og hugvarme; for du er Frelsa og Makti og Styrkjen vaar.
9. Stykkjet.
At me ljota føra alle Ting tilbaka til Gud, liksom til vaart yste Maal.
1. Son min, eg maa vera ditt øvste og yste Maal, der du med Sanning traar etter aa verda sæl. Med