otte? Ein audmjuk Bonde som tenar Gud, er sanneleg betre en ein siorvoren Vismann som er lika sæl med seg sjølv, men grenskar Stjernegonga paa Himelen. Denn som kjenner seg sjølv rett, er liten i sine eigne Augo, og er ikkje girug etter Lovord av Menneskja. Visste eg alt som er i Verdi, og ikkje hedde Kjærleike, kvat munde det daa hjelpa meg fyre Gud som mun døma meg etter det eg heve gjort?
2. Lat av med denne ovstore Vithugen, for i honom er mykji Villa og Svik. Dei som vita mykjet, vilja gjerna synast vera nokot og verda kallade vise. Det er mange Ting som det batar Saali litet elder infje aa kjenna nokot til. Og denn er mykjet uvis som føfjer annat en som kan muna til aa frelsa honom. Mange Ord metta ikkje Saali, men eit godt Liv kvikar Hugen, og eit reint Samvit verkar stort Lit til Gud.
3. Di meir og di beter du veit det, di hardare mun du verda dømd, der du daa ikkje heve livt so mykjet heilagare. Difyre skal du ikkje rosa deg av ein Kunstr elder ein Vitskap, men helder ottast fyre denn Kunnskapen Skuld du heve fengjet. Tykkjest du vita mykjet og skyna det so utifraa godt, so gløym ikkje daa, at det er endaa mykjet meir som du ikkje veit. Gjer deg ingji høge Tankar um deg sjølv, men sanna helder Faakunna di. Kvi vil du daa hevjast yver ein annan, endaa det er mange som ero meir lærde og forfarne i Logi en du? Vil du med Gagn vita og læra nokot, so lær gjerna aa vera ukjend og ikkje meten fyre nofot.
4. Dette er den høgste og gagnlegaste Lærdomen: aa kjenna og mismæta seg sjølv. Ikkje aa høgmoda seg
sjølv og stødt aa tenkja godt um andre, det er stor Vis
1*