Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/88

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

utan for di Skuld, og i deg alle deim, som sanneleg elska deg, etter som denn Kjærleiks-logi byd, som skin framm or deg!

7. Kjærleiken er snøgg og rein og gudleg og tekk og hugnadleg, sterk og tolug og truen og klok og lang modug og mannsleg og søkjer aldri seg sjølv. For naar einkver søkjer seg sjølv, daa fell han ifraa Kjærleiken. Kjærleiken er varleg og audmjuk og einslungen, ikkje kraunen, ikkje laus-lynd, tenkjer ikkje paa tome Ting, er smaanøyten, reinførleg, stødug, roleg og tøymer vel alle Sinni sine. Kjærleiken er undergjeven og lyden aat yvermenner, laak og mismætt i eigne Augo, tilgjeven og takksam aat Gud, lit og stolar seg stødt paa honom; det gjere han og, naar han ikkje smakar Guds Godhug, for ingjen liver i Kjærleike utan saare Stunder.

8. Denn som ikkje er lagad paa aa lida alt og gjera Kjærasten alt til Vilja, hann er ikkje kallande Kjæraste. Denn som elskar maa gjerna taka paa seg alt hardt og beiskt fyre Kjærasten Skuld og ikkje lata seg draga burt fraa honom, um endaa Motgonga kjem.

6. Stykkjet.

Um aa røyna den sanne Kjærleiken.

1. Son min, endaa er du ikkje vorden nokon sterk og klok Kjæraste. – Kvi so, Herre? – Av di du fell ifraa det du heve byrjat med, naar du møter ei liti Mot gonga, og fyser for mykjet etter Trøyst. Ein sterk Kjæraste held ut i Freistingarne og trur ikkje nokot paa dei sløge Hugskoti til Uvinen. Lika eins som eg tekkjest honom i Medgonga, so mistekkjest eg honom helder ikkjei Motgonga.