4. Stykkjet.
At me i Sanning og Audmykt byr ferdast fyre Gud.
1. Son min, gakk framm fyre meg i Sanning og søk meg stødt i Einfeldskapen til Hjartat ditt. Denn som ferdest fyre meg i Sanning, hann mun vera trygg fyre ille Aatsøknader, og Sanningi mun fri honom fyre Lokk arar og fyre Baktalingar av dei vonde. Fyst Sanningi heve frigjort deg, mun du sanneleg vera fri og brygdast ikkje um faafenge Ord av Folk. Sant er det, Herre! lat det ganga med meg som du segjer; so bed eg. Lat Sanningi di læra meg, lat henne verja og vara meg til ein heppen Ende. Lat henne fri meg fyre all ill Traa, og all usedug Kjærleike, og eg vil ferdast med deg i stor Hjarta-fridom.
2. Eg vil læra deg, segjer Sanningi, det som rett er, og tægjer meg. Kom i Hug Synderne dine med mykji Sut og Sorg, og tru aldri, at du er eitkvert fyre dei gode Verki dine. Du er visseleg ein Syndar, og heve gjevet deg under mange Loster og ballat deg inn i deim. Av deg fjølv strævar du stødt etter inkje og braadt fell du, braadt verd du yvervunnen, braadt verd du for turlad, braadt vilt. Du heve slett inkje aa lova deg av, men mykjet som du byr mismæta deg fyre, for du er mykjet veikare en du er Mann til aa skyna.
3. Lat daa inkje sjaa stort ut fyre deg av alt som du gjere. Lat inkje synast stort, inkje kostasamt elder makalaust, inkje verdugt til Metnad, inkje høgt, inkje verkleg lovande og ynskjande, utan det som er ævelegt. Lat den ævelege Sanningi tekkjast deg framm fyre alt, og lat di eigji ovstore Vesold mistekkjast deg. Vert ikkje