ugt paa deim, for dei muno verda mykjet naudsynlege i Freislings-iidi. Det som du ikkje skynar, naar du les det, det mun du kjenna aa Heimsøkjings-dagen. Tvifeldt plagar eg heimsøkja denn eg heve valt ut: med Frei sting og med Trøyst. Og tvo Fyre-lesnader held eg kver Dag aat deim; einn til aa refsa Losterne deira, hin til aa moda deim upp til aa vaksa i Dygder. Denn som heve Ordi mine og vanvyrder deim, han heve og einn som mun døma honom paa den siste Dagen.
Bøn um aa faa Naade til Aahug.
5. Herre, min Gud, du er alle Godendi mine! Og kvenn er eg, at eg vaagar tala med deg? Eg er den faatøkaste Tenaren din og ein vesall liten Makk! mykjet meir faatøk og vesall en eg veit og torer segja. Kom daa i Hug, Herre, at eg er inkje og eig inkje og orkar inkje. Du einsaman er god og rettlaaten og heilag, du kann gjera alt, du gjev alt, du fyller alt, og læt berre Syndaren vera tom. Minn deg paa Miskunningarne dine, og fyll Hjartat mitt med Naaden din, du som ikkje vil, at Verki dine skulo verda til inkjes.
6. Korso kann eg halda ut i dette elege Livet, minder Miskunni di og Naaden din styrkjer meg? Vend ikkje Andlitet ditt ifraa meg, set ikkje upp Heimsøkjingi di, tak ikkje Trøysti di fraa meg, at ikkje Saali mi mun verda aat deg liksom vatnlaus Jord. Herre, lær meg aa fullgjera Viljen din, lær meg aa fara verdugt og audmjukt fyre Aasjoni di, for du er Visdomen min, du som kjenner meg i Sanning og heve kjent meg, fyrr Verdi kom til, og fyrr eg vart fødd i Verdi.