2. Eg, segjer Herren, heve lært Spaamennerne fraa Fystningi, og til no held eg ikkje upp med aa tala til alle, men mange ero dauve og harde mot Røysti mi. Mange høyra helder Verdi en Gud, og fylgja fyrr Kjøts losterne en Guds Tægd. Verdi lovar timlege og laake Ting, og dei tena henne med stor Traa; men eg lovar dei største og ævelege Godendi, og Manna-hjarto ero endaa urøyvde! Kvenn er det som tenar og lyder meg i alt med slik Vinn som dei tena Heimen og Heimsens Herr ar med? Skjemm deg, Sidon, segjer Sjoen EEs. 32, 4), og fregar du etter Grunnen, so høyr! Fyre ein liten Vinning fara Folk lange Leider; fyre ævelegt Liv vilja mange nauvt ei Gong lyfta Foten fraa Grunnen. Dei søkja ei ring Løn; dei slaast ofta skjemmeleg um ein Kvitt; dei rædast ikkje fyre Stræv baade Naatt og Dag fyre ein tom Ting og einkver liten Lovnad.
3. Menn, aa for ei Skomm! fyre eit ubrigdt God ende, fyre ei Løn som einn ikkje kan meta nog, fyre den høgste Heidren og endelaus Æra kvida dei seg med det minste Starvet! Raudna difyre, din late Dreng, du som klagar deg so ofta, av di de i ero meir bune til aa starva fyre Dauden sin en du fyre Livet ditt! Dei gledjast meir ved Faafengdi, en du gledst ved Sanningi. Dei verda nog ofta svikne med Vonerne sine, men Lov naden min svik ingjen og sender ingjen burt med tome Hender, som lit paa meg. Det eg heve lovat, vil eg gjeva, det eg heve sagt, vil eg halda, fyst daa einkver held ved til Enden med Kjærleiken til meg. Eg er denn som gjev Løn fyre alt godt, og eg er ei sterk Verja aat alle gudlege.
4. Skriv Ordi mine i Hjartat ditt og tenk trott-