Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/80

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

ævelege! Kvat ero alle timlege Ting annat en Svik? og kvat for Hjelp mun du faa av alle Skapningar, der du er forlaten av Skaparen? Seg difyre alt ifraa deg og vert tekk og truen aat Skaparen din, at du maa kunna taka imot den rette Sæla!


{{c|2. Stykkjet.

Um at Sanningi talar innverdes utan aa ljoma med Ord.

1. «Tala Herre, for Tenaren din lyder» (1 Sam. 3, 9). Eg er Tenaren din; gjev meg Skyn til aa kjenna Vitnesburdarne dine. Bøyg Hjartat mitt til Ordi or Munnen din; lat Røda di renna som Dogg! Ei Gong sagde Israels Born til Moses: Tala du med oss, og me vilja høyra; Herren tale ikkje med oss at me ikkje skulo døy. (2 Mos. 20, 19). Det er ikkje so, Herre, det er ikkje so eg bed; men eg bed helder liksom Samuel, Spaamannen, audmjukt av Hjartat: Tala Herre, for Tenaren din lyder etter; Moses, elder einkver annan Spaamann tale ikkje til meg; men tale du helder, Herre Gud, med meg, du som inngav og upplyste alle Spaamennerne; for du aaleine kann full komleg læra meg utan deim; men dei muno inkje evla utan deg.

2. Dei kunna vel lata Ordi ljoda; men Anden gjeva dei ikkje. Dei tala fagert, men fyst du tegjer, kunna dei ikkje elda Hjartat. Dei gjeva Bokstaven, men du lyder Tanken. Dei leggja framm Løyndardomarne, men du gjev Skynet til aa tyda deim. Dei kynna Bod ordi, men du hjelper til aa halda deim. Dei visa Veg-