Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/79

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

3. Boki.

Um innverd Trøoyst.

1. Stykkjet.

Um korleis Kristus innverdes talar til ei trui Saal.

1. Eg vil høyra det som Gud Herren talar i meg. Sæl er denn Saali som høyrer Herren talar i seg og tef imot Trøystar-ord av Munnen hans! Sæle ero dei Øyro som taka imot det som Guds Ande stilt kviskr ar, og vyrda ikkje det som denne Heimen mullar. Ja, sæle ero sannleg dei Øyro som lyda ikkje etter denn Røysti som kjem utantil, men lyda etter henne som lærer Sanningi innverdes! Sæle ero dei Augo som ero stengde fyre det som utverdt er, men gjeva Gaum etter det innverde! Sæle ero dei som trengja seg inn i det innverde og stræva med daglege Øvingar meir og meir aa bu seg til aa skyna dei himelske Løyndardomarne! Sæle ero dei som traa etter aa gjeva seg under Gud og riva seg lause fraa alt verdslegt Hindr! Merka dette, Saali mi, og steng Dyrerne til Sanslegdomen din, at du maa høyra det Herren din Gud talar i deg!

2. So segjer Kjærasten din: Eg er Frelsa di, Freden din, Livet ditt. Halt deg aat meg, og du mun finna Fred. Lat alt det kvervsame vera, og søk det