daa, og kor stor Glede vyrde ikkje det aat alle Guds heilage, og kor mykji Uppbyggjing vyrde ikkje det aat annat Folk! For alle raada til Tolmøde, endaa faae vilja tola so mykjet. Du burde med rette gjerna vilja tola eitkvert fyre Kristi Skuld, av di mange tola mykjet meir fyre Verdi Skuld.
14. Du maa vita vist, at du lyt liva eit døydande Liv. Og di meir einn døyder seg sjølv, di meir byrjar han liva fyre Gud. Ingjen er lagad til aa gripa det himelske, minder han er viljug til aa tola Trengslor fyre Kristi Skuld. Inkje er meir tekkjelegt aat Gud, og inkje er meir til Frelsa her i Heimen en gjerna aa lida fyre Kristi Skuld. Og kynne du velja, so maatte du helder ynskja aa tola Motgonga fyre Kristi Skuld, en aa verda styrkt med stor Trøyst, av di du daa vyrde likare Kristus og alle dei heilage. For Verdleiken og Framm gonga vaar ligg ikkje i stor Sæla og Trøyst, men helder i aa tola store Motgongor og Trengslor.
15. Vøre eitkvert gagnlegare til Frelsa fyre Mannen en aa lida, so hedde Kristus visseleg synt det baade med Ord og Døme. For baade Lærefveinarne som fylgde honom, og alle som ynskja aa fylgja honom, tel han openberleg til aa bera Krossen, med det han segjer (Luk. 9, 23): Vil nokon fylgja etter meg, so forsake han seg sjølv, og take upp Krossen sin, og fylgje meg! Lat difyre, fyst me hava leset og tenkt etter alt, detta vera Sluten: «Me byr ganga inn i Guds Rikje gjenom mange Trengilor (Ap. Gj. 14, 22.)