Tenar aa bera mannleg Krossen til Herren din, som vart krossfest av Kjærleike til deg. Laga deg difyre paa mange Motgongor og ymse Trengslor i dette elege Livet; for so mun det verda med deg, kvar du so er, og so mun du sanneleg finna det kvar du so løyner deg. So lyt det vera, og det er ingji Raad til aa slevpa undan Trengsla og Sut, annat en aa bera det med Tol mod. Drikk gjerna av Herrens Kalk, der du vil vera Vinen hans og have ein Lut i honom, Trøysti stal du leggja i Guds Hond, og lata honom gjera med henne ettersom han vil. Men gjev du deg til aa tola Trengsl or og tak det fyre stor Trøyst, for Pinorne i dette Livet ero til aa reikna fyre inkje imot denn Brikna som kjem, og du mun ikkje verda verd henne, endaa du kynne bera alle saman.
11. Fyst du heve rokket so langt, at Trengsla er deg søt og tekk fyre Kristi Skuld, daa maa du tru, det stend vel med deg, for du heve funnet Paradis paa Jordi! So lengje det er tungt aa tola, og du søkjer aa sleppa undan, so lengje er det illa med deg, og denn Trengsla som du flyr, mun søkja deg allstad.
12. Fyst du set deg fyre det som du byr: lida og døya, mun det med det same verda beter med deg, og du mun finna Fred. Voøre du og liksom den heilage Paal innkvervd i den tridje Himelen ( Kor. 12), er du med dette ikkje trygg fyre aa ljota bera Motgonga. Eg, segjer Fesus (Ap. Gj. 9, 16) vil syna honom det han byr tola fyre Namnet mitt. Du mun soleis stødt lida nokot, der du vil elska Jesus og stødt fylgja honom.
13. Gud gjeve du vøre verd til aa tola nokot fyre Jesu Namns Skuld! kor stor Æra fengje du ikkje