og sett med Krossar paa alle Sidor. Og di høgre ein kver kjem i Anden, di tyngre Krossar finn han ofta, av di Pina av Utlægdi hans endaa verd aukad med Kjær leiken.
8. Men denn som heve so mangslags Trengslor, er iffje daa utan Trøyst som linar, av di han kjenner, at han fær mykji Alda med det han ber Krossen sin. For naar han sjølvviljande gjev seg under Krossen verd alt Tyngjet av Trengsla til ei viss Von um Trøyst av Gud. Og di meir Kjøtet verd ned-tyngd med Trengsla, di meir verd Anden styrkt med innverd Naade. Og sum tid fær han slik Makt av Lyst etter Trengsla og Mot gonga, av Kjærleike til aa verda lik med Kristi Kross, so han ikkje vil vera utan Verk og Trengsla; for han trur aa vera so mykjet meir tekk aat Gud, di meir og di tyngre han orkar bera fyre honom. Dette er ikkje Manna-makt men Guds Naade som vinn og verkar so mykjet i det skryplege Kjøtet, so han no ynskjer og elskar inderleg det som han av Natturi stødt styggjest og flyr.
9. Det er ikkje nokot, Menneskja natturleg heve Lyst til, aa bera Krossen, elska Krossen, aga Likamen og halda honom i Trældom, fly Heidr, gjerna tola Hæd ing, vanvyrda seg sjølv og ynskja aa verda vanvyrd, bera alskyns Motgonga og Tap, og ikkje ynskja seg nokor Heppa her i Heimen. Ser du paa deg sjølv, so evler ikkje du alt dette av deg sjølv, men lit du paa Gud, vil du faa Styrkje fraa Himelen, og Kjøtet og Verdi vil koma under deg. Du tarv iffje helder rædast Djev elen, Uvinen din, der du er vaapnad med Tru og merft med Kristi Kross.
10. Set deg di fyre, lik ein god og truen Kristi