utan Trøyst, og at du heilt skal gjeva deg under honom, og verda audmjukare med Trengsla. Ingjen kjenner Kristi Pina so inderleg, som denn som det heve timst aa lida slikt. Krossen er difyre stødt reidug og ventar deg allstad. Du kann ikkje sleppa undan, kvart du snyr deg, for kvar du set Foten din, ber du deg sjølv med deg, og du mun stødt finna deg sjølv. Snu deg upp-etter og snu deg ned-etter, snu deg ut og snu deg inn, og all stad mun du finna Krossen, Og allstad lyt du vera tolmodsam, um du ynskjer innverd Fred og vil vinna ei æveleg Kruna.
5. Der du gjerna ber Krossen, mun hann bera deg, og faa deg framm til det Maalet som du ynskjer deg, der som Pina mun faa ein Ende, endaa han kann ikkje vera her. Ber du honom uviljugt, so gjere du deg ei Byrd og tyngjer deg endaa meir; og lika vel lyt du tola det. Sleng du Krossen din ifraa deg, mun du braadt finna ein annan, og hann er kann henda tyngre.
6. Meiner du, du kann sleppa undan denn som inkje Menne kann komast undan fyre? Var det nokot Heilagmenne i heile Heimen som slapp syre Kross og Trengsla? Jesus Kristus, Herren vaar, var ikkje einn Time utan Plaaga so lengje han livde. Kristus laut, segjer han (Luk. 24, 26) lida og standa upp fraa dei daude, og so ganga inn i Brikna si. Og kor leitar du etter ein annan Veg, en denne Kongs-vegen, som er Vegen aat den heilage Krossen?
7. Heile Kristi Liv var ein Kross og ein Blod vitnesburd og du søkjer deg Kvila og Glede! Du fer vilt, ja du fer vilt, søkjer du nokot annat en aa tola Trengsla, for heile dette daudlege Livet er fullt med Vesold