Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/73

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

fraa feg sjølv og ikkje halda nokot av Sjoølvkjærleike, og heve gjort alt som ho veit ho byr gjera, at ho daa tykkjest inkje hava gjort.

5. Lat ikkje henne vyrda mykjet det som einn kynne meta fyre nokot stort; men lat henne i Sanning ganga ved, at ho er ein gagnlaus Tenar, liksom Sann ingi segjer: «Fyst de hava gjort alt som de ero til sagde, so segje: Me ero gagnlause Tenarar» (Luk. 10, 17). Daa mun Menneskja sanneleg verda kallad faatøk og arm i Anden, og daa kann ho segja med Spaa mannen: «Einsleg og arm er eg» (Salm. 25, 16). Og endaa er ingjen rikare, ingjen mektigare, ingjen friare, en denn som veit aa segja fraa seg seg sjølv og alt og setja seg sjølv lægst.


12. Stykkjet.

Um Kongs-vegen aat den heilage Krossen.

1. Mange tykkja dette er eit hardt Ord: Seg ifraa deg deg sjølv og tak upp Krossen din og fylg Jesus (Matt. 16, 24). Men endaa hardare mun dette seinste Ordet verda aa høyra: Vike fraa meg, de forbannade, til den ævelege Elden! (Matt. 25, 41). Dei som no gjerna høyra og fylgja detta Ordet um Krossen, dei muno iftje daa ottast æveleg Fordøming. Dette Krossens Teikn mun vera i Himelen, fyst Herren kjem til Doms. Daa muno alle Krossens Tenarar, som medan dei livde vordo like den krossfeste, koma med mykjet Lit til Kristus som dømer.

2. Kvi rædest du daa aa taka upp Krossen, som

5*