han orvonast daa slett iffje, men bed meir inderleg til Herren, og segjer: «Paa deg, Herre, vil eg ropa, og til min Gud vil eg beda». Til Slut fær han Alda av Bøni si og vitnar, at han er vorden høyrd, med di han segjer: «Herren heve høyrt meg, og miskunnat seg yver meg. Herren er vorden Hjelparen min.» Fyst det no heve voret soso med store Heilagmenne, so turva ikkje me, vaare faatøke Armingar, sleppa Voni fraa oss, naar me stundom ero iduge, stundom lunkade, for Anden kjem og gjeng etter som han vil. Difyre segjer og den heil age Job (7, 18): «Du heimsøkjer Menneskja aarla um Morgonen, og røyner henne snart».
6. Kvat kann eg daa vona, elder kvat kann eg lita uppaa, annat en berre Guds stora Miskunn, og Voni um himelsk Naade? For anti eg no heve med meg gode Menne, elder hugvarme Brøder, elder trugne Viner, elder heilage Bøker, elder fagre Smaaskrifter, elder væne Visor og Salmar: so hjelper alt detta meg litet, og fegjer iifje mykjet, naar Naaden heve viket fraa meg, og heve latet meg liggja her i mi eigji Armod. Daa er det ikkje nokon betre Utveg en Tolmod og Sjølv forsaking etter Guds Vilje.
7. Eg heve endaa aldri funnet nokon Mann som heve voret so gudleg og eldig, at han ikkje sumtid heve kjent, at Naaden drog seg tilbaka, elder ikkje heve nomet mindre Idugskap. Inkje Heilagmenne var noko sinne so sælat og upplyst, at det ikkje vart freistat. For denn er ikkje verdug til aa skoda Gud, som ikkje fyre Guds Skuld er øvd i eikver Trengsla. For Freist ingi som kjem i Fyrevegen, plagar vera eit Teikn paa
Trøystingi som kjem etterpaa. For himelsk Trøyst er