Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/67

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

um ein Vin fer ifraa deg; for du veit, at ei Gong ljota me alle skiljast.

3. Lengje og hardt lyt Mannen strida innverdes, fyrr han lærer heilt aa sigra seg sjølv, og snu all Lengtingi si framm mot Gud. Naar Mannen styd seg paa seg sjølv, so bøygjer han seg lett ned etter Manna trøyst. Men denn som sanneleg elskar Kristus, og idugt strævar etter Dygder, han tek ikkje slik Trøyst og søkjer ikkje slike sanslege Gleder, men ban vil helder tola harde Øvingar og tungt Starv fyre Kristi Skuld.

4. Difyre, naar Gud gjev deg andleg Trøyst, so tak imot henne med Takk, men sanna, at ho er Guds Gaava og ikkje di eigjj Vinning. Hev deg ikkje for mykjet upp, gled deg ikkje for mykjet, og vert ikkje helder faafeng i Hugen din; men vert helder so mykjet audmjukare fyre denne Gaava Skuld, og so mykjet meir varleg og rædd um deg sjølv i all Aatferdi di; for kver Timen mun kverva, og Freisting mun fylgja. Fyst so Trøysti verd tekji veg ifraa deg, so slepp ikkje Voni fraa deg med det same, men bida med Audmykt og Tolmod den himelske Vitjingi, for Gud er mektig nog til aa gjeva deg atter meir Trøyst. Dette er ikkje nokot nytt elder framandt fyre deim som hava røynt Guds Vegjer; for med dei store heilage og forne Spaamennerne hendest det ofta, at det skifte so.

5. Difyre sagde einn av deim, daa Naaden var hjaa honom (Salm. 30): «Eg sagde i Ovnøgjet mitt: eg mun ikkje verda flutt til æveleg Tid». Men det som han nam innverdes, daa Naaden hadde viket ifraa honom, det segjer han lika etterpaa: «Du heve snutt Aasjoni di fraa meg, og eg er vorden forfæld". Men