Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

til Jesu Kristi Æra. For etter Vetren kjem Sumaren, etter Naatti kjem Dagen, og etter Uvedret skin Soli bjart.

9. Stykkjet.

Um aa umbera all Trøyst.

1. D'er ikkje tungt aa uvyrda Trøyst av Menn eskja, naar me hava Trøyst av Gud. Stort er det, ovleg stort, aa kunna umbera baade Trøyst av Menneskja og av Gud og gjerna tola denne innverde Utlægdi til Guds Æra og søkja seg sjølv i inkje, og helder ikkje tenkja paa si eigji Verdskyld. Kvat stort er det, at du er glad og hugvarm, fyst Naaden kjem? Denne Timen er ynskjande aat alle. Denn som verd boren av Guds Naade, rid i mykji Sæla. Og kvat undarlegt er det i det, at denn inkje kjenner nokor Byrd, som verd boren av den allmektige og førd av den høgste Føraren?

2. Me hava gjerna nokot til Trøyst, og Menneskja riv seg sjeldan laus fraa sin eigjen Vilje. Det heilage Truvitnet Lavrans sigrade Verdi og Presten hennar; for alt, som saag ut til aa vera ynskjande i denne Heimen uvyrde han; og for Kristi Kjærleike Skuld tolde han endaa roleg at Sikstus, Guds høgste Prest, som han elskade inderleg, vart tekjen ifraa honom. Av Kjærleike til Skaparen sigrade han difyre Kjærleiken til Menneskja, og i Staden fyre Trøyst av Menneskja valde han helder Guds Tægd. Lær soleis, du med, aa verda skild ifraa ein heimholl og elskad Vin fyre Guds Kjærleike Skuld. Og tak ikkje det helder for mykjet til Hjartat,