8. Stykkjet.
Um det heimslege Samlaget med Jesus.
1. Fyst Jesus er nær-stadd, er alt vel, og inkje ser ut til aa vera tungt. Men naar Jesus ikkje er der, er alt hardt. Talar ikkje Jesus innverdes, so er all Trøysti me faa, faafeng. Men naar Jesus berre segjer eitt Ord, kjenna me mykji Trøyst. Reis ikkje Maria med det same, daa ho gret, daa Marta sagde til henne: Meistaren er her og kallar deg? (Job. 11, 20). Sæl er denn Timen, daa Jesus kallar fraa Taarer til Saalar glede! Kor turr og hard er du ikkje utan Jesus! Kor uvis og faafeng er du ikkje, naar du ynskjer nokot utan Jesus! Er det ikkje større Tav en um du miste heile Heimen?
2. Kvat kann Verdi gjeva deg utan Jesus? Aa vera utan Jesus er eit hardt Helvite, aa vera hjaa honom er eit søtt Paradis. Er Jesus med deg, so vil ingjen Uvin kunna gjera deg nokot ilt. Denn som finn Jesus, finn ein god Skatt, eit Godende yver alle God ende. Og denn fom misfer Jesus, hann misser alt for mykjet, og meir en heile Heimen. Denn er den allra faatøkaste, som liver utan Jesus; og denn er den allra rikaste, som stend seg vel med honom.
3. D'er ein svær Kunstr aa vita aa vera saman med Jesus; og d'er stor Visdom aa vita aa halda Jesus. Vert hugvarm og fredsam, so vil Jesus vera hjaa deg. Er du hugvarm og still, so mun Jesus væra seg hjaa deg. Du kann snart driva Jesus veg og tyna Naaden hans, der du vil hengja deg ved det utverde. Og um du driv honom fraa deg og misfer honom, kvenn vil du daa fly til og kvenn vil du daa faa til Vin? Du kann