er æveleg og endelaus; hann fyller alle Ting, trøystar Saali og er den sanne Hjarta-fagnaden.
6. Stykkjet.
Um Fagnaden til eit godt Samvit.
1. Vitnesmaalet av eit godt Samvit er Æra til eit godt Menne. Hav eit godt Samvit, so mun du stødt vera glad. Eit godt Samvit kann tola ovleg mykjet, og er vel til Mods i Motgonga. Eit ilt Samvit er stødt ottefullt og urolegt. Søtt mun du kvila, der Hjartat ditt ikkje refser deg. Gled deg aldri, utan du heve gjort nokot godt. Dei ille hava aldri sann Glede, og kjenna ikkje den innverde Freden, for dei gudlause hava ingjen Fred, segjer Herren (Esai. 48, 22). Og fyst dei segja: Me ero i Fred, yver ofs mun inkje ilt koma, og kvenn vil vel vaaga aa skada oss? so tru deim ikkje. For Guds Vreide mun braadt risa, og Verki deira muno verda til inkjes, og Tankarne deira muno kverva.
2. Aa lova seg av Trengslor er ikkje tungt fyre denn som heve Kjærleiken, for aa lova seg so er aa lova seg i Herrans Kross. Denn Æra er stutt som verd gjevi og mottefji av Folk. Æra her i Verdi heve stødt Fylgje med Sut. Æra til dei gode er i deira eigjet Samvit, ikkje i Munnen til andre. Gledi til dei rettvise er av Gud og i Gud, og Hugnaden deira i Sann ingi. Denn som ynskjer sann og æveleg Æra, brygd eft iffje um det som er timlegt. Og denn som føfjer timleg Æra, elder ikkje uvyrder henne av Hjartat, hann syner sjølv, at han heve liten Kjærleike til det som høyrer