2. Boki.
Uppmodingar til eit innverdt Liv.
1. Stykkjet.
Um det innverde Livet.
1. Guds Rikje er i dykk, segjer Herren (Luk. 17, 21). Vend deg med heile Hjartat ditt til Herren, og far ifraa denne vesalle Verdi; so mun Saali di finna Ro. Lær aa mismæta det utverde, og gjeva deg under det innverde; so mun du sjaa Guds Rikje koma til deg. For Guds Rikje er Fred og Glede i den heilage Anden, og Gudlausingen fær det ikkje. Kristus mun koma til deg og syna deg Trøysti si, fyst du innverdes heve butt til ein verdug Bustad til honom. All Æra og all Pryda hans er or det innverde, og i di likar han aa vera. Ofta heimsøkjer han det innverde Mennet, søtt er Samværet, tyd er Trøysti, stor er Freden og undarlegt er Samlaget hans med honom.
2. Upp med deg daa, kjære Saali mi, bu Hjartat ditt til denne Brudgumen, at han kann verdugast koma til deg og bu hjaa deg, for han sjølv segjer: Der einkver elskar meg, mun han halda Ordet mitt, og Fader min mun elska honom, og me muno koma til honom og setja Bustaden vaar ihjaa honom (Joh. 14, 23). Gjev