Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

8. Kvat gjera so mange andre gudlege Menner, som liva med hard Klostr-age? Dei ganga fjelvan ut, dei liva fyre seg sjølve, dei hava ring Kost, ganga klent klædde, starva mykjet, tala litet, vaka lengje, risa tidla, bøna lengje, lesa ofta og halda seg vel i all Age. Skoda Kartusiarne, Cistertiarne, og Munkarne og Nunnorne av ymse Slag; kor dei kver Naatt risa og syngja Salmar til Herren! Det vøre difyre ei Skomm av deg aa vera lat i eit Verk som er so heilagt, naar so mange gudlege prisa Gud.

9. Aa, gjev me no ikkje hedde annat aa gjera en aa lova Herren vaar Gud av heile Hjartat og Munn! Aa, at du aldri turvte Mat og Drykk og Svemn, men stødt kynne lova Gud, og berre sysla med andlege Ting! Daa vøre du mykjet sælare en du no er, for no tenar du berre Kjøtet og Naudsynerne til det. Gud gjeve, det vøre ikkje slike Naudsyner, men berre andleg Nørska, som me diverr so sjeldan njota.

10. Fyst Menneskja rekk so langt, at ho ikkje søkjer Trøyst av nokon Skapning, daa byrjar ho fullt aa hava Lyst til Gud; daa mun ho sameleis vera vel nøgd med korso det gjeng. Daa mun ho korkje gledjast fyre mykjet elder syta fyre litet; men ho mun heilt gjeva seg med fullt Lit til Gud som er alt i alt fyre henne, og som inkje forgjengst elder døyr burt fyre, men som alt liver fyre, og alt lyder utan Tøvring, berre han vittar.

11. Tenk stødt paa Enden, og hugsa, at Tid som ei Gong er mist, aldri kjem atter. Utan Trott og Umsut gjere du aldri nokor Frammgonga i Dygd. Fyst du byrjar aa kolna mun du og byrja aa vera illa stadd. Men naar du tek i med gudleg Ihuge, mun du finna