Fyre-ord
Det er sagt, at ingji Bok næst etter Biblen heve voret utgjevi so mange Gongjer baade i Grunnskrift paa Latin og i Umskrifter paa mange Maal, som denne Boki „Um Kristi Etter: fylgjing". Og dette er no ikkje so utrulegt helder, for det er vandt aa finna nokor Uppbyggjings-bok med slik einfeld, gudleg Ande som denne. Men det lyt einn koma vel i Hug, fyst han les Boki, at det er ein Munk som heve skrivet henne aat Folk i Klostri. Det er difyre ymse Ting i henne, som ikkje ero etter vaar lutherske Læra; soleis um aa beda til Heilagmenni, um Sfirings elden og slikt nokot (sjaa 1. Boki 19, 6; 3. Bofi 58, 7; 4. Boki 1, 13; 5, 2; 7, 4; 9, 5 og fleire Stader). Difyre hava dei ofta umsnutt eitt og annat i Boki og tekjet deg det som er mest katholst. Men det er stødt nokot meint med slike Umbrøytingar. Folk vilja no helst hava slik ei namngjeti Skrift fri fyre alt Brigde. Det tarv helder ikkje vera Otte fyre at ho gjere Folk katholste. Dei vilja nog styna, kvat som er etter vaar Tru og kvat som bøygjer av ifraa henne. Difyre er Boki her ubrigd.
Umstrifti heve eg samanhaldet med Grunnskrifti, og ymse andre hava ogso gjenomsétt henne. Det er strævat aa faa henne so nær Grunnskristi som det godt læt seg gjera.
Det er ein gamall Tvist millom lærde Menner, kvenn som heve skrivet Boki, anti Tomas fraa Kempten elder nokon annan. Men det vore nokot so nær gagnlauft aa roda vidt her um denne Tvisten. Eg meiner det er dei fleste som no tru at Tomas fraa Kempten (daaen 1471) heve sett upp Boki.
Kristiania i Desember 1880.
J. Belsheim.