ing. Du lyt ganga gjenom baade Vatn og Verme, fyrr du fær Helsebot. Der du ikkje gjere Vald paa deg sjølv, kann du ikkje vinna yver det ille. So lengje me hava denne skryplege Likamen, kunna me ikkje vera utan Synd, og ikkje liva utan Tregje og Sorg. Gjerna vilde me hava Ro fyre all Vesold; men av di me gjenom Syndi hava mist Uskuldi vaar, hava me ogso spilt den sanne Sæla. Difyre byr me hava Tolmøde og bida Guds Miskunn, til dess denne Urettvisa kverv, og Livet slyk denne Daudlegskapen.
6. Aa, kor stor er ikkje Mannavesoldi, som stødt er so hugad paa Lastar! I Dag stend du til Synderne dine, og i Morgon gjere du det du i Dag stod til! No set du deg fyre aa vera vaksam, og um ein Time fer du liksom du inkje hedde sett deg fyre. Difyre byr me audmykja oss og ikkje nokosinne tenkja stort um oss, av di me ero so skryplege og ustadige. Det kann ogso braadt verda mist med Tykkjeløysa, det som einn med mykji Møda til Slut nauvt kann faa gjenom Naaden.
7. Kvat mun verda av oss til Slut, som so braadt kolna? Tvi oss, der me vilde gjeva oss til Ro, liksom det alt vøre Fred og Trygd, endaa det finst ikkje Teikn til sann Heilagskap i vaar Aatferd. Det vøre vel naud igt, at me endaa ei Gong vyrde upplærde som gode Næmingar i dei beste Sederne, fyst det vare Von um nokor Betring og større andleg Frammgonga.