Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

dess Gud skipar det annarleis. Tenk etter, at det kann henda er betre soleis fyre aa røyna deg og styrkja deg i Tolmøde, og utan det er ikkje Verdleiken vaar mykjet vyrdande. Du byr daa beda, naar slike Hefte koma, at Gud vil tekkjast hjelpa deg, og at du kann bera det vel. 2. Fyst einn som er mint ei elder tvo Gongjer,

ikkje vil gjeva seg, strid ikkje daa med honom, men legg alt saman i Guds Hond, at hans Vilje maa fullkomast, og hans Æra maa fremjast hjaa alle Tenararne hans, for hann veit vel aa venda vondt til godt. Legg Vinn paa tolmodsamt aa vera mild med Lyti til andre og med all Skryplegskap; for du heve og mykjet, som andre ljota tola. Kann du fjølv ikkje gjera deg slik du vil, kor kann du daa faa ein annan etter Hugen din? Me vilja gjerna hava andre fullkomne, og lika vel retta me ikkje vaare eigne Lyte.

3. Me vilja, at andre skulo verda hardt refste, men me vilja ikkje sjølve verda refste. Me mislika, at andre hava stor Fridom, og endaa vilja me ikkje neitta oss sjølve, kvat me ynskja. Me vilja, at andre skulo verda bundne med Logi, men sjølve vilja me ikkje lata oss hefta. Soleis synest det daa, kor sjeldan me meta annat Folk som oss sjølve. Um alle vøre fullkomne, kvat hedde me daa aa lida av andre fyre Guds Skuld?

4. Men no heve Gud gjort det so av, at me skulo læra oss til aa bera Byrderne fyre kverandre, av di at ingjen er lyteslaus, og ingjen er utan Byrder, ingjen er nog aat seg sjølv, og ingjen er vis nog aat seg sjølv; men me byr stydja uppunder kverandre og trøysta og hjelpa og læra og minna kverandre. Men kor stor Dygd einn heve,