etter som Gud i Visdomen sin og Milda si heve raadt det av, for hann veg Mannsens Skuld og Tilstand, og han heve i Fyrevegen skipat alt til aa frelsa deim, som han heve valt ut.
7. Difyre byr me ikkje sleppa fraa oss Voni, naar me verda freistade, men beda di sterkare til Gud, at han vil hjelpa oss i all Trengsla, som visseleg etter St. Paals Ord (1 Kor. 10, 13) skal faa ein slik Ende, at me kunna tola honom. Lat oss difyre audmykja Hjarto vaare under Guds Hond i all Freisting og Trengsla, for han vil frelsa og upphøgja deim som ero faatøke i Anden.
8. I Freistingar og Trengslor verd Mannen røynd, kor langt han heve komet; og i det er det større Verdleike, og Dygdi hans synest meir. Og det er ikkje nokot stort, um Menneskja er hugvarm og eldig, naar ho ingji Byrd kjenner; men held ho ut med Tolmøde i Motgonga, daa er det Von um stor Frammgonga. Nokre verja seg fyre store Freistingar, men verda ofta yvervunne av smaae daglege, at dei, fyst dei ero aud mykte, aldri skulo stola seg paa seg sjølve i dei store Freistingarne, naar dei ero so skryplege i dei smaae.
14. Stykkjet.
Um ikkje aa døma for braadt.
1. Vend Augo dine paa deg sjølv, og akta deg fyre aa døma um kvat som andre hava gjort. Naar Menneskja dømer andre, gjere ho seg faafengt Starv, daarar seg ofta, og syndar lett; men naar ho dømer og