11. Stykkjct.
Um aa faa Fred og um aa ganga trottigt frammetter.
1. Me kynne hava rik Fred, der me ikkje vilde brygdast um alt som andre segja og gjera, og um det som ikkje kjem oss ved. Kor kann denn liva lengje i Fred, som legg seg upp i framande Ting? som utantil søkjer seg Syn til dette? som litet elder sjeldan samnast i seg sjølv? Sæle ero dei einfelde, for dei skulo faa rik Fred.
2. Kvi hava sume heilage vordet so fullkomne og andleg vise? Av di dei hava strævat aa døyda seg sjølve fraa alle jordlege Loster, og difyre kunne dei i inste Hjartat sitt hanga fast ved Gud og halda seg fullt frie fyre deim. Me hava alt for mykjet aa gjera med Losterne vaare, og brygdast for mykjet um Ting som forgangast. Sjeldan vinna me ogso fullt med berre eitt Lyte, og me ero ikkje annsame med Frammgonga, og av di verda me kalde og lunkade.
3. Der me hedde døydt oss sjølve fullt, og ikkje vøre so bundne innverdes, daa kynne me og skyna det som høyrer Gud til, og faa kjenna nokot til dei himelske Synerne. Det meste, heile Hindret er, at me ikkje ero frie fyre sanslege Krav og Loster, og at me ikkje stræva aa fylgja den fullkomne Vegen som dei heilage hava gjengjet. Og naar me møta berre ei liti Motgonga, verda me alt for snart kuvade og søkja Trøyst hjaa Menneskja.
4. Strævade me som moduge Menner aa standa i Stridet, daa munde sanneleg Herren hjelpa oss,