9. tykkjet.
Um Lydnad og Undergjeving.
1. Det er mykjet stort aa liva i Lydnad mot yvermenner, og iffje vera sin eigjen Herre. Det er mykjet tryggare aa vera Undermann en Yvermann. Mange ero lyduge meir av Naudsyn en av Kjærleike; dei hava det vondt og mukka lett. Og dei koma ikkje til Saalar fridom, der dei ikkje med heile Hjartat sitt gjeva seg under fyre Guds Skuld. Laup hit og dit, du finn ikkje Ro, utan du audmjukt gjev deg under Stjorni til ein Doermann. Innbilling og Umbyte av Bustad heve narrat mange.
2. Sant er det, at alle gjerna fara aat etter som dei hava Hug til, og kjennast mest dregne til deim som tenkja fameleis som dei sjølve. Men er Gud ihjaa oss, so ljota me ogso sumtid gjeva upp vaar eigji Meining fyre Fred Skuld. Kvenn er so vis, at han kann vita alt til fulls? Lit difyre ikkje for mykjet paa din Klokskap, men høyr ogso gjerna kvat andre tenfja. Er og Meiningi di god, og gjeng du lika vel fyre Guds Skuld ifraa henne og fylgjer ein annan, vil du faa mykjet godt av det.
3. For eg heve ofta høyrt, at det vøre tryggare aa høyra og taka Raad en aa gjeva Raad. Det kann ogso vel vera, at kver einn heve ei god Meining; men at einn ikkje vil laga seg etter ein annan, naar Vit og Skyn krev det, det er eit Teikn paa Storlæte og Tverlyndskap.