heve havt nokot godt, tru daa endaa beter um andre, so du kann vardveita Audmykti. Det skader ikkje, um du set deg under alle andre; men det skader mykjet, berre du set deg yver einn. Den audmjuke heve varig Fred, men den storlaatne heve ofta Ovund og Uvilje i Hjartat.
8. Stykkjet.
Um aa vara seg fyre for stor Tydskap.
1. Opna ikkje Hjartat ditt fyre kver einn, men legg Raad med einn som er vitug og ottast Gud! Ver ikkje mykjet saman med Ungdom og Framandfolk! Smeik ikkje dei rike og tred ikkje gjerna framm fyre dei mekt uge! Gjev deg i Lag med dei audmjuke og einfelde, dei gudlege og seduge, og tala med deim um det som kann fremja Gudlegskap! Hav ikkje Tydskap med nokot Kvende, men bed fyre alle gode Kvinnor til Gud! Ynsk berre aa vera i Samlag med Gud og Englarne hans, og fly Kjennskapen med Menneskja!
2. Kjærleike maa me hava til alle; men Tydskap med deim er ikkje gagnleg. Ofta hender det, at eit ukjendt Menne lyser ved godt Umtal, men naar det er nær-stadt, kastar det Skuggar i Augo aat denn som ser det. Me tenkja ofta aa tekkjast andre, naar me ero mykjet saman med deim, men dei mislika oss helder, av di dei merkja vonde Seder hjaa oss.