Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
1. boki.
9
 

helder ikkje hjaa denn som er tilgjeven verdslege Ting, men berre hjaa denn som er eldig og andleg.


7. tykkjet.

Um aa fly faafenge Voner og Storlæte.

1. Faafengt er det aa setja Litet sitt til Menn eskja elder til nokot som er skapat. Skjemm deg ikkje fyre aa tena andre i Jesu Kristi Kjærleike og aa synast faatøk i denne Heimen. Stola deg ikkje paa deg sjøolv, men set Litet ditt til Gud. Gjer alt du kann, og Gud mun hjelpa din gode Vilje! Lit ikkje paa din eigjen Visdom elder paa Klokskapen til nokon Mann, men helder paa Guds Naade som hjelper dei audmjuke, og audmykjer deim som setja sitt Lit til seg sjølve.

2. Rosa deg ikkje av Rikdomar, um du heve deim, helder ikkje av Viner, av di dei ero mektuge; men rosa deg i Gud, som gjev alt og vil gjeva seg sjølv framm fyre alt annat. Høgmoda deg ikkje av Storleiken din, elder av Likams-vænleiken, for denn kann verda misprydd elder ganga med i ein liten Sjuke. Lika deg ikkje sjølv, av di du tykkjest vera so frammifraa klok elder kræv, so Gud mislikar deg, for hann eig alt godt som du heve fengjet.

3. Tru deg ikkje betre en andre, at du ikkje skal kann henda verda aktad verre fyre Gud, for hann veit kvat som er i Menneskja. Ver ikkje byrg av dei gode Verki dine; for Gud dømer annarleis en Menneskja; hann mislifar ofta det, som Menneskja likar. Der du