inderleg um guddomleg Hjelp. For difyre vordo Josva og Israels Born narrade av Gibeonsmennerne, som me lesa um, av di dei ikkje spurde fyst Herrens Munn um Raad, men vaaro alt for snartrune og leto seg daara med søte Ord og falsk Gudlegskap (Josva 9.)
39. Stykkjet.
At Menneskja ikkje maa vera alt for frammfus i Gjerderne sine.
1. Son, set all Saki di i Hondi mi! Eg vil greida henne godt naar Tidi kjem. Bida Vedgjerdi mi, so skal du marka Gagn av henne! Herre, ovleg gjerna vilde eg setja alt i Hondi di, for Tanken min kann litet gjera: Gjev eg ikkje hengje so mykjet fast ved dei ukomne Tingi, men gjøve meg under utan Tøvring etter Tægdi di.
2. Son, Mannen driv ofta idugt uppaa med ein Ting, som han ynskjer, men naar han heve fengjet honom, byrjar han tenkja annarleis, for Traadomarne vaare etter Tingen ikkje ero stadige, men verda lett drivne fraa eitt til annat. Det er difyre ikkje det minste aa forsaka seg sjølv endaa i det minste.
3. Aa forsaka seg sjølv er aa gjera rett Framm gonga, og denn Menneskja, som heve forsakat seg sjølv, er mykjet fri og trygg. Men den gamle Uvinen, som stend imot alt godt, læt ikkje av med aa freista, men Dag og Naatt lagar han tung Umsaat, at han kann henda fær fangat den uvare i si daarande Snora. Vake og