er Dauden. Men dei som fylgja deg, med det dei vanvyrda denne Heimsens Ting og døyda Kjøtet, dei verda funne aa vera i Sanning vise, for dei hava komet igjenom ifraa Faafengd til Sanning, fraa Kjøtet til Anden. Desse hava ein Smak av Gud, og alt godt som er hjaa Skap ningen, reikna dei til Pris aat Skaparen. Men det er stor, ovstor Skilnad paa Smaken av Skaparen og Skap ningen, Ævi og Tidi, paa uskapat Ljos og tendrat Ljos.
3. Aa, for eit ævelegt Ljos, som gjeng yver alt skapat Ljos! send ut eit Ljon fraa det høge, som kann trengja seg igjenom inst i Hjartat mitt! Reinska og gled og lær og kveik Andi mi med Krafterne hennar, at ho maa hanga fast med deg i glad Sæla! Aa, naar kjem denne sæle og ynskjelege Timen, daa du matar meg med Nær været ditt og er alt i alt aat meg? So lengje dette ikkje er gjevet meg, kann eg ikkje helder hava fullkomi Glede. Endaa liver – diverr – det gamle Mennet i meg, det er ikkje heilt krossfest, ikkje fullt døydt. Det traar endaa sterkt imot Anden, strider innverdes i meg og læt ikkje Saalar-rikjet vera i Ro.
4. Men du, som raader fyre Havsens Makt, og mildar Baarorne som marma, statt upp og hjelp meg! Øyd dei Folke-slagi, som vilja hava Strid! Knys deim med Krafti di! Syn Undri dine, bed eg deg, og lat den høgre Hondi di verda heidrad! for eg heve ikkje onnor Von og annan Fristad, en hjaa deg, Herre, min Gud!