Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

av Sjølvkjærleike. Soleis komo Judarne ei Gong til Marta og Maria i Betania ikkje berre fyre Jesu Skuld, men dei vilde og sjaa Lasarus. (Joh. 11). Hugmaals augat maa difyre verda reinskat, at det maa verda ein feldt og rett, og vera vendt imot meg yver alle dei ymse Tingi som liggja imillom.


34. Stykkjet.

Um at Gud frammfyre alle Ting og i alle Ting tekkjest denn som elskar honom.

1. Sjaa, min Gud og alt! Kvat vil eg meir og kvat sælare kann eg ynskja? Aa for eit sælt og søtt Ord! men berre aat denn, som elskar Ordet, inkje aat denn som elskar Verdi elder og dei Tingi, som ero i Verdi, min Gud og alt! Med det er det sagt nog aat denn, som skynar det, og aa taka det upp atter ofta er hugnadlegt aat denn som elskar. For naar du er til Stadar, er alt hugnadlegt, men er du veg, er alt leidsamt. Du gjev Hjartat Ro, rik Fred og haagtid leg Glede. Du gjere, at me tenkja vel um alt og lova deg i alle Ting. Inkje kann lengje tekkjast utan deg, men naar nokot skal vera kjært og smaka godt, maa Naaden din vera nær-stadd, og det maa verta o med din Visdoms Krydd.

2. Denn som fær smaka deg, kvat skylde ikkje smaka godt aat honom? Og denn som ikkje smakar deg, kvat kan vera til Hugnad aat honom? Men i Visdomen din kverva Heimsens Vismenner, og dei som fylgja den kjøt lege Hugen sin, for i Heimen er mykji Faafengd, i Kjøtet