Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/133

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

ugjæv og liten og Folk hava mest gløymt honom, denn Visdomen som ikkje tenkjer høgt um seg siølv og ikkje ynskjer aa faa Ros paa Jordi; kor mange er det ikkje, som prisa honom med Munnen, men i Livet sitt vika dei langt av ifraa honom! og likvel er han ei kostleg Perla som er løynd fyre mange.


33. Stykkjet.

Um kor ustadigt Hjartat er, og at me maa søkja Gud som det siste Maalet.

1. Son, set ikkje Lit til denn Traadomen du heve no, for hann kann braadt vendast til ein annan. For so lengje du liver, er du Ymsingar undergjeven, ogso imot Viljen din; stundom er du skripen, stundom er du sturen, stundom spak, stundom spræk, stundom hugvarm, stundom huglaus, stundom kvat og stundom lat, stundom aalvorsam, og stundom meir lettlynd. Men den som er vis og vellærd i Anden, stend yver alle desse Vendingarne; han vyrder ikkje kvat han kjenner i seg, elder kvat for ei Led Umbrøytings-vinden blæs ifraa, men han aktar paa, at heile Saali hans er snudd aat det rette og ynskjelege Maalet. For soleis kann han verda einn den same stødt, naar det einfelde Hugmaals-augat i so mange ymse Høve stendigt er vendt imot meg.

2. Di reinare dette Hugmaals-augat er, di stødugare ganga me gjenom ymse Stormar. Men i mange Høve myrknar det reine Hugmaals-augat, av di me braadt sjaa nokot som lokkar oss, som kjem i Vegen vaar. For

sjeldan er nokon finnande, som er fullt fri fyre Flekkjer