Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/128

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

som talmar deg, det er tom Otte som støkkjer deg. Kvat verkar vel Syting fyre kor det mun ganga i Framtidi, annat en at du heve Sorg etter Sorg? Kver Dagen heve nog med sitt Tjon. Det er faafengt og gagnlaust aa syta elder gledjast fyre ukomne Ting, som kann henda aldri muno timast.

3. Det er folklegt aa lata seg daara med slike Innbillingar; men det er Teikn paa ein Ande som endaa er veik, at me so lett fylgja Hugskoti aat Uvinen. For hann er lika sæl med, anti det er sant elder falskt, det han daarar deg med, kort han so fær deg til Fall med Kjærleiken til det nærverande elder Otten fyre det ukomne. Difyre skal Hjartat ditt korkje fæla elder vinglast. Tru paa meg, og lit paa Miskunni mi! Naar du tenkjer, du er langt ifraa meg, er ofta eg deg so mykjet næmare. Naar du trur, at mest alt er ute, daa er Høvet ofta nær til aa vinna mykjet. Alt er ikkje ute, um endaa nokot gjeng deg imot. Du maa ikkje døma etter det som du nett no kjenner, og helder ikkje gjeva deg yver fyre nokor Byrd, kvar ho so kjem ifraa, og helder ikkje taka det so, som det ingjj Von vøre um aa verda fri fyre henne.

4. Tru deg ikkje heilt forlaten, um eg eitt Bil sender deg eikver Trengsla elder og tek ifraa deg denn Trøysti du ynskjer; for dette er Vegen til Himerikje. Og det er evlaust, at det batar deg og dei andre Ten ararne mine meir, at dei verda øvde i Motgongor, en at de skylde hava alt etter Ynskje. Eg kjenner dei løynde Tankarne, eg veit, at det er til stor Bate fyre Frelsa di, fyst du stundom verd forlaten utan Smak, at du skal ikkje upphøgja deg, naar du gjere god Frammgonga og