Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/125

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

innverde Menneskja, til aa fria Hjartat mitt fyre all gagnlaus Sut og Otte; lat ikkje ymis Traadom etter nokon Ting, anti han er mykjet elder litet verd, draga meg burt, men gjev, at eg maa akta alle Ting fyre koerve og meg fyre kvervsam liksom deim; for inkje er varigt under Soli! Det er alt Faafengd og Saalarslit. (Preif. 1, 14). Aa, kor vis er ikkje denn som talar soso!

5. Gjev meg, Herre, den himelske Visdomen, at eg kann læra aa søkja deg og finna deg frammfyre alt, og aa skyna alle andre Ting, som dei ero, etter som Vis domen din heve skipat deim! Gjev at eg klokt maa vika undan fyre Gjølaren og tolmodsamt taka imot denn som stend meg imot! For det er stor Visdom aa ikkje bøygja seg etter kver ein Ordablekk, ikkje leggja Øyrat til, kvat den ille smeiksame Havfrui segjer. For so fara me trygt aa denn Vegen, me hava tekjet.


28. Stykkjet.

Mot Baktalar-tungorne.

1. Son min, lat ikkje det arga deg, um sume tenkja illa um deg og segja nokot, som du ikkje gjerna vil høyra. Du byr tenkja verst um deg sjølv og ikkje tru at nokon er veikare en du. Der du ferdast etter det inn verde, mun du ikkje brygdast mykjet um kvervsame Ord. Det er ikkje liten Klokskap aa tegja i den ille Tidi, og innverdes snu deg til meg og ikkje lata deg turla burt med Folks Domar.

2. Lat ikkje Freden din retta seg etter Manna munnen, for anti no dei vilja leggja det ut til det goda elder