Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/123

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

lokkar meg til seg fjølv, med det ho syner meg eitfvert ynskjelegt nærverande Godende! Lat ikkje det sigra meg, min Gud! Lat ikkje Kjøt og Blod sigra meg! Lat ikkje Verdi og den Skripna hennar svika meg! Lat ikkje Djevelen og hans Fulskap lokka meg! Gjev meg Styrkje til aa standa imot, Tolmod til aa lida, Trauste til aa halda ut! Gjev meg den søte Salven aat din Ande i Staden fyre alle denne Heimsens Trøystingar, og gjev meg Kjærleike til ditt Namn i Staden fyre kjøtleg Kjærleike.

4. Sjaa: Mat og Drykk og Klæde og all onnor Naud torv, som høyrer til aa halda Livet, er ei Byrd aat den eldige Anden. Gjev meg, at eg maa halda Hov med slike Tarver og ikkje balla meg inn i deim av alt for stor Traadom! Det er ikkje løyvande aa kasta fraa seg alt dette, for Natturi maa verda nørd med det, men aa søkja det som er utrengt, og som serlege fegnar, det for byd den heilage Logi; for annars vilde Kjøtet reisa seg upp imot Anden. Eg bed, at di Hond maa stjorna og rettleida meg i desse Ting, at eg skal ikkje ganga for langt i nokot!


27. Stykkjet.

Um at Sjoølvkjærleiken mest dreg burt ifraa det høgste Godendet.

1. Son min, du lyt gjeva alt fyre alt og inkje halda atter aat deg sjølv. Du maa vita, at Kjærleike til deg sjølv skadar meir en nokon Ting i heile Heimen. Etter denn Kjærleiken og Hugen du heve til det, heng kver Ting meir elder minder fast med deg. Vøre Kjærleiken