vegen, og du kann hava ei viss Von um aa sjaa atter Aasjoni mi med rik Glede. Heve du so komet til fullkomen Uvyrdnad av deg sjølv, so maa du vita at du daa skal njota Fredar-fylla, so mykjet som moglegt er i denne Utlægdi di.
26. Stykkjet.
Um kor høg den frie Hugen er, og at han helder verd slik med audmjuk Bøn en med Lesnad.
1. Herre, dette er Verket aat ein fullkomen Mann, at han maa aldri venda Anden sin burt ifraa Skodnad av dei himelske Tingi og maa ganga igjenom mange Sorgjer, liksom det ingji Sorg vøre, ikkje so som dei lika sæle taka det, men med denn Fyremunen, som den frie Hugen gjev, og han maa ikkje hanga ved nokon Skapning med uskapleg Kjærleike.
2. Eg bed deg, du min mildaste Gud, halt meg ifraa stor Sut med dette Livet, at eg ikkje skal balla meg for mykjet inn i det, ifraa mange Likams-tarver, at eg ikkje skal verda fangad av Losten, fraa alt Saalar hindr, at eg ikkje skal verda bøygd og yvervunnen av Trengsl orne. Eg talar ikkje um dei Tingi, som den verdslege Lysti strævar etter med all Traa, men um dei Mødorne, som etter denn Vaabøni som heve rinet alle oss daudlege, hardt hindrar og hefter Saali aat Tenaren din fraa aa koma til andleg Fridom, so ofta han ynskjer det.
3. Aa, min Gud, du som er usegjande Søta, gjer du all kjøtleg Trøyst beiskt aat meg, fyst ho vil draga meg burt ifraa Kjærleiken til det ævelege og med Illskap