Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/119

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

at eg kann faa Fred gjenom din Styrkje, og at ditt Lov maa ljoma fullt i den heilage Bustaden, det er, i det reine Samvitet. Bjod du og Vindarne og Stormarne! seg til Sjoen: Vert still! og til Nordanvinden: blaas ikkje! so verd det stor Stilla.

5. Send Ljoset ditt og Sanningi di, at dei maa lysa paa Jordi! for eg er ei aud og tom Jord til dess du lyser meg upp. Ausa ut Naaden din ovan; vatna Hjartat mitt med himelsk Dogg. Opna Kjeldorne til Aahugen til aa vatna Marki, at dei maa verka god og gild Alda! Lyft Hugen min upp, som er tyngd av Synde-byrdi, og vend all Traai mi til dei himelske Tingi, at eg kann leidast av aa tenkja paa det jordlege, fyst eg heve smakat kor søt Sæla er der uppe!

6. Drag meg veg, og riv meg laus fraa all kverv sam Trøyst av Skapningen, for inkje som skapat er kann fullt tægja og nøgja Traai mi! Bitt meg fast til deg sjølv med uløysande Kjærleiks-bond; for du einsaman kann nøgja Kjærasten, og utan deg er alt berre Faafengd.


{{c|24. Stykkjet.}

Um at me skulo halda oss ifraa nyfikne Frettingar etter Livnaden aat andre.

1. Son min, vert ikkje nyfikjen, og bry deg ikkje um tome Ting! Kvat heve du med dette elder detta? fylg du meg! For kvat kjem det deg ved, anti denne Mannen er slik elder slik, elder um denna Mannen fer elder talar so elder so? Du tarv ikkje andsvara fyre andre, men du lyt gjeva Reikneskap fyre deg sjølv, kviMal:Høre