Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/113

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

21. Stykkjet.

Um at me maa kvila i Gud yver alle Godende og Gaavor.

1. Yver alle Ting og i alle Ting maa du, Saali mi, stødt kvila i Herren, for hann er sjølv den ævelege Kvila aat dei heilage. Gjev meg, søte, kjære Jesus, at eg maa kvila i deg yver all Skapningen, yver all Vel ferd og Vænleike, yver all Heidr og Æra, yver all Makt og Verdugskap, yver all Visdom og Klokskap, yver alle Rikdomar og Kunstrar, yver all Glede og Fagnad, yver alt Gjet-ord og Lov, yver all Søta og Trøyst, yver all Von og Lovnad, yver all Verdskyld og Ynskje, yver all Forn og Gaava, som du kann gjeva og bera framm, yver all Glede og Fegna som Hugen kann kjenna og tafa, endeleg yver Englar og Ov-englar, og alle Himels herar, yver alt sjaa'ande og ufjaa'ande og yver alt, som du, min Gud, ikkje er.

2. For du, Herre min Gud, er den beste yver alt! Du einsaman er den høgste! Du einsaman den mektig aste! Du einsaman den fullkomnaste og rikaste! Du einsaman den søtaste og trøystarfullaste! Du einsaman den briknaste og elskelegaste! Du er einsaman den gjæv aste og gildaste yver alt som alt godt er fullkomet og samnat i, og allstødt heve voret, og allstødt mun verda. Difyre er det for litet og unøgjelegt, alt som du gjev meg utan deg sjølv, elder som du openberrar meg av deg sjølv, elder lovar meg, fyst eg ikkje fær ljaa deg og naa heilt til deg. For Hjartat mitt kann i Sanning iftje kvila, elder verda fullt nøgt, minder det fviler i deg, og kjem ut yver alle Gaavor og all Skapningen.