20. Stykkjet.
Um aa kjennast ved Veikskapen vaar, og um Vesold i dette Livet.
1. Eg vil kjennast ved mi eigji Urettvisa mot meg sjølv, eg vil ganga ved Vesalldomen min fyre deg, Herre. Ofta er det ein liten Ting som bøygjer og grøter meg. Eg ætlac nog aa verja meg som ein Mann, men fyst ei liti Freisting kjem paa, verd ho til mykji Trengsla fyre meg. Sumtid kann det vera nokot reint uvislegt, som ei hard Freisting kjem av. Og naar eg tenkjer eg er litet trygg, verd eg stundom, naar eg minst kjenner det, mest yverstigen med ein liten Blekk.
2. Sjaa difyre, Herre, Laakskapen og Skrypleg domen min som du vel veit um. Miskunna deg yver meg, og drag meg upp or Fenet, at eg ikkje skal søkka i det, at eg ikkje skal reint verda ned-kastad. Dette er det som so ofta plaagar meg, skjemmer meg i Aasjoni di, at eg fell so lett, og er so veik til aa standa imot Losterne mine. Og endaa eg ikkje samtykkje, so er daa Aat søknaderne deira mødalle og leide, og det tjaar meg mykjet aa liva soleis i Strid kver Dagen. Og paa det kann eg reitleg kjenna Skryplegdomen min, at fæle Tankar mykjet lettare koma seg inn hjaa meg, en eg kann faa deim ut atter.
3. Du Israels sterke Gud, du annige Vin aat trune Saaler, sjaa daa korso Tenaren din starvar og lid vondt! Hjelp honom i alt, kvat hann so tek seg til! Styrk meg med himelst Styrkje, at den gamle Menneskja, det elege Kjøtet, som endaa ikkje er fullt undergjevet Anden, ikkje skal faa Yvermakti og stjorna, for imot det ljota me