3. Denn er ikkje nokon rett tolmodsam Mann, som ikkje vil lida utan so mykjet hann sjølv tykkje godt, og berre av denn han sjølv vil. Denn som i Sanning er tolmodsam, ser ikkje etter, kvat for ein Mann det er som øver honom i Tolmøde, kort det er Yvermannen hans, elder ein Jamlitje, elder ein Undermann, kort det er ein god og gudleg Mann, elder ein som er udygdug og uverdug. Men utan Skilnad tek han imot all Motgonga som han maa lida kor stor, elder kor ofta, elder av kvat for ein Skapning det so skylde vera, alt tek han med Takk imot liksom av Guds Hond og aktar det fyre stor Vinning. For inkje, kor litet det endaa kann vera, gjeng utan Løn fyre Gud, fyst me lida det fyre Guds Skuld.
4. Ver difyre buen til Strid, der du ynskjer aa faa Sigr. Utan Strid kann du ikkje vinna Tolmødes kruna. Der du ikkje vil tola, verd du ikkje krynd, men der du vil verda krynd, lyt du strida mannleg og halda ut med Tolmøde. Utan Starv faa me ingji Kvila, og utan Strid vinna me ingjen Sigr. Herre, lat det verda meg moaglegt med Naaden, det som synest meg umoglegt med Natturi! Du veit, at eg berre kann tola litet, og at eg braadt misser Modet, fyst det gjeng meg litet imot. Lat all Øving i Trengsla fyre ditt Namns Skuld verda kjær og ynskjande aat meg, for det er mykjet gagn legt til Saalar-frelsa mi, at eg lid og verd refst fyre di Skuld.