tegja; lat alle Skapningar tagna; tala du aaleine med meg!
3. Di meir einn verd samd med seg sjølv, og ein feld innverdes, di fleire og høgre Ting skynar han utan Møda; for ovan fær han Ljos til aa gripa det. Ein rein og einfeld og stadig Ande turlar seg ikkje burt med mange Ting, av di han gjere alt til Guds Æra og er fri fyre all Sjølvkjærleike. Kvat er det som hindrar og tjonar deg meir en di eigji udøyvde Traaing i Hjartat? Eit godt og gudlegt Menne skipar fyst inn verdes det som det utverdes vil fullgjera. Og det dreg ikkje honom etter som den vonde Losten hans vil, men hann fører det sjølv etter som det rette Vitet dømer. Kven heve eit hardare Strid en denn som strævar aa vinna yver seg sjølv? Og dette byr vera Verket vaart: aa vinna yver oss sjølve og dagleg faa meir Vald yver oss sjølve og verda betre og betre.
4. All Fullkomenskap i dette Livet heve nokot ufull komet hangande ved seg, og alt me grenska er fullt av Myrkr. Audmjukt aa kjenna seg sjølv er ein vissare Veg til Gud en den djupaste Grenskingi i Vitskapen. Vitskapen er ikkje mismætande, elder nokon einfeld Kunn skap um ein Ting som er god i seg sjølv og er sett av Gud; men eit godt Samvit og eit lastelaust Liv maa einn stødt helder kjosa. Men av di at fleire leggja meir Vinn paa aa vita mykjet en aa liva godt, fara dei ofta vilt og bera mest ingji elder berre laak Alda.
5. Aa, der Menneskja lagde berre so mykji Vinn paa aa tyna Lastar og faa inn Dygder, som paa aa finna upp Spurningar, so vøre ikkje so mykjet ilt og so manga Freistingar hjaa Aalmugen og so mykji