Teikn av deg og høyrt Læra di; korso hedde det vel gjengjet, fyst me ikkje hedde havt slikt eit Ljos som lærde oss aa fylgja deg?
19. Stykkjet.
Um aa tola Urett og um aa verda røynd rettleg i Tolmøde.
1. Kvat er det du segjer, Son min? Lat av med aa klaga; skoda, kvat eg og andre heilage hava lidet! Endaa heve du ikkje stadet imot til Blodet. D'er berre litet, det som du lyt lida, imot deim som hava lidet so mykjet, vordet freistade so sterkt, plaagade so hardt, røynde og øvde so mangeleis. Difyre maa du koma i Hug kor mykjet tyngre Trengslor andre hava tolt, at du di lett are maa bera deim som ero smaae. Og der dei ikkje synast deg so smaae, so sjaa vel til, at Utolmødet ditt ikkje veld det. Men anti dei no ero smaae elder store, so stræva aa bera deim med Tolmøde!
2. Di beter du lagar deg til aa lida, di klokare fer du, og di meir rosverdugt er det; du mun og bera det lettare, fyst Hugen din er fyrelagad og vand til det. Seg ikkje: Eg kann ikkje tola dette av slikt eit Menne, og slikt nokot tarv eg ikkje helder tola, for detta Mennet heve gjort meg stor Skade og lagt nokot paa meg som eg aldri hadde ein Tanke um; men eg vilde gjerna tola det av ein annan so vidt eg totte at eg kynne tola det! Slike Tankar ero daarlege som ikkje sjaa etter, kvat for ei Dygd Tolmod er, elder denn som skal kryna henne; men sjaa meir etter Manna-munen og denn Uretten, dei hava lidet.