Hopp til innhold

Side:Um Kristi Etterfylgjing.djvu/108

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

eg laut, men av Kjærleike til deg, at du skylde læra Tolmøde og gjerna tola tidleg Armodsdom. For alt ifraa eg var fødd, til Dauden min aa Krossen, var eg aldri utan Verkjer. Eg hadde stor Trong paa tim lege Ting; eg høyrde ofta Klagor paa meg, eg tolde gjerna Vanheidr og Hæding; eg fekk Utakk fyre Velgjerder, Haad fyre Undr-verk, Neising fyre Læra mi.

2. Herre! av di du var tolmodsam i Livet ditt, og mest med det fullgjorde din Faders Vilje, so sømer det seg, at eg, min arme Syndar, lid tolmodsamt etter Viljen din, og so lengje du sjølv vil, ber Byrdi av dette kvervsame Livet til Sæla di. For endaa dette Livet er tungt, so er det daa gjenom Naaden din vordet rosverdugt, og med ditt Fyredøme og Fotafari aat dine heilage er det vordet lettare og ljosare aat dei veike. D'er og vordet mykjet trøystarfullare, en det fyrr var i den gamle Logi, daa Himeldyri var stengd, og Vegen til Himelen syntest enn myrkare, daa so faae strævade aa søkja Himerikje. Ja dei med, som daa vaaro rettvise, og skulde faa Frelsa, kunne ilkje fyrr di Pina og din heilage Sonings-daude sleppa inn i det himelske Rikjet ditt.

3. Aa, kor stor Takk skyldar ikkje eg deg, fyre di du heve verdugast syna meg og alle trune den rette og gode Vegen til det ævelege Rikjet ditt. For Livet ditt er Leidi vaar, og med heilagt Tolmøde fara me til deg som er Kruna vaar. Der du ikkje hedde gjengjet i Fyre vegen og lært oss, kvenn hedde vel daa vyrdt fylgja etter deg? Aa, kor mange vilde ikkje daa hava stadet langt bak, fyst dei ikkje hedde sett ditt gjæve Fyredøme! Sjaa, me ero enn lunkade, endaa me hava sétt mange